Open kyrkje i Os -

Ope kyrkjehus - for alle - i påska: Skjærtorsdag: Os kyrkje kl 18.00-20.00 Langfredag: Os kyrkje kl 12.00-13.00 Påskedag: Os kyrkje kl 11.00-13.00

Folk i Os hatt kyrkja som møteplass ved ulike høve, både i glede og sorg i 150 år. Kyrkja er av den grunn viktig for mange av oss.
Den norske kyrkje ynskjer å være open og inkluderande. Her skal du kjenne deg heime og finne eit rom for deg i alle livsfasar og i ulike situasjonar. Dette er eit ideal og ei målsetjing som vi strekkjer oss mot, og vi veit godt at det ikkje alltid opplevast slik.

Vi vil gjerne gje dykk eit nytt tilbod – open kyrkje kvar torsdag.

Mange har sikkert i samband med ferieturar i Europa opplevd å gå inn i ei open kyrkje. Eit kyrkjerom byr på mykje forskjellig -ro, stillheit, kunstopplevingar, historisk ramme m.m.Vi har mange gode minner frå slike ferieopplevingar. Lenge har vi tenkt og brent for at vi må opne kyrkjene våre i Norge og!

På grunn av pandemien hadde vi stengde kyrkjer i påsketida i år. Alternativet vart å innby til open kyrkje eit par gonger. Ei svært positiv oppleving for alle dei som nytta seg av tilbodet.  I ettertid har samtalar med soknerådsleiar Bente Strømme, dagleg leiar og frivillegkoordinator for kyrkja i Os ført til at vi vil satse på å gje tilbod om open kyrkje på Øyro torsdagar på ettermiddagstid.

Dette er eit lågterskeltilbod for alle i Os.
Folk kan nytte kyrkjerommet i stillheit etter eige behov. I utgangspunktet er dette eit tilbod utan program. Likevel vil det enkelte gongar bli spelt kyrkjemusikk.

Velkomen inn i kyrkja.  

                                                                                              ansvarsgruppa

                                                                                              v/Hildur Løkken og Tryggve Lillestøl

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Tunet kyrkje- og kultursenter i Os sentrum.

Besøksadresse: Øyro 49, 5200 Os
Postadresse: Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:
Os sokneråd
Postboks 209
5202 Os


eller epost: mb.20018@xledger.net
Org. nr. 976995155

Telefon: 56 57 24 00  
E-post:  post.os@kyrkja.no
Telefon- og besøkstid:
måndag-fredag 09-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"