Diakoniarbeidet i Os sokn

Nestekjærleik og omtanke for andre er ein av hjørnesteinane i kyrkja, og ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som del av samfunnet. Gjennom både trusopplæring, ulike tiltak og aktivitetar ynskjer vi i Os sokn å forandre verda til det betre, særleg for dei som treng det aller mest.

I Os kyrkjelyd har vi eit rikt omsorgsarbeid både blant eldre, vaksne og unge, og mange frivillige er engasjert i ulike oppgåver. Vi har samarbeid med ulike organisasjonar og lag for å få et godt å breidt arbeid. Vi har mellom anna kontakt med CRUX Vindfanget oppfølgingssenter, som er eit eige, ideelt og diakonalt arbeid, og del av ein landsomfattande stiftelse. Dei har oppfølgingstilbod for menneske som ønskjer å arbeide med endring i eige liv; arbeidsmoglegheiter, helse, psykiske utfordringer eller rusproblematikk.

I koronatida har vi i kyrkja hatt delvis ope og prioritert barn og unge.

Aktiviteter og felleskap har vore arrangert utandørs, noko digitalt, og mange samtalar over telefon. Vi satsar på å starte ny samtalegruppe i forhold til sorg når samfunnet opnar opp igjen.

Tilbod gjennom året er mellom anna: Senior Koinonia, Eldretreff, Ungdomstunet, og elles mange flotte tilbod til barn og unge. Venneveko som er eit samarbeid med Bjørnafjorden kommune er i år i veke 47.

Onsdagar har diakonen samtalar. Prestane er også tilgjengelege for samtale. Ikkje vær redd for å ta kontakt. Vi er her for deg.

Under kan du lese meir om Fasteaksjonen, Språkkafeen (sjå også vår facebookside: Språkkafeen i Os, og våre tilbod til etterlatne.

Frivillighetskoordinator er med og koordinere arbeidet med frivillige i heile kyrkjelyden.