Gje ei gåve

Bidra til fellesskapet

Ofring på Vipps – foto Bo Mathisen

Ønskjer du å gje ei gåve

Vårt ønskje er at kyrkjelyden skal være der for dei som treng kyrkjas omsorg og at det skal være aktivitetar for alle generasjonar. Vi treng difor støtte til det som ikkje dekkast av det offentlege. Vil du være med?

Kan vi utfordre deg som av og til går i kyrkja? Du som har konfirmant i år, eller i fjor. Du som liker å gå på treffpunkta våre, eller du som sender ungane dine på aktivitetane våre. Du som kjem innom gudstenesta, får ein kopp kaffi og kanskje går litt rikare heim att.

Os kyrkjelyd har oppretta ei gjevarteneste for å sikre inntekter til ungdomsarbeidet og til Tunet kyrkje- og kultursenter.

Vil du være med?

Gjevar får skattefrådrag for gåver frå kr. 500,- opp til kr. 25 000,- per år. 

Det er ingen bindingstid. Dersom du vil avslutte avtalen kan du ta kontakt med oss.


Gåve til Tunet kyrkje- og kultursenter:
Vi har eit fantastisk kyrkje- og kultursenter i Tunet. Kvar veke er det fleire hundre personar innom Tunet. Dei delktek i kor, Ungdomstunet, TenSing, konfirmasjonsarbeid, speidar, Koinonia, TITT og andre møter og foreiningar.

Gåve til Ungdomsarbeidet: 
Denne gjevartenesta er med på å finansiere stillinga til ungdomsarbeider i kyrkjelyden. 

Andre gåver til Os sokn:
Vi ynskjer å halde innsatsen oppe på barnearbeid, kyrkjeleg omsorg/diakoni, musikk. kulturarbeid, mediearbeid og trosopplæring.

Det er framleis behov for ditt bidrag - stort eller lite. Takk for gåve!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"