Eldretreff i Kløvertun

Eldretreffa i Kløvertun er eit samarbeid mellom Os Sanitetsforening og Os sokneråd. Vi ønskjer at dette skal vere ein triveleg møtestad for mange som har nådd pensjonsalder.

Foto: Martin Bakke Slåttsveen

Eldretreffa i Kløvertun vart starta på 1980-tallet i eit samarbeid mellom Os sanitetsforenng, og dåverande Os diakonat. Då Os Diakonat vart nedlagt, gjekk Os sokneråd inn som samarbeidspart. Eldretreff i Kløvertun er no eit viktig arbeid innan for diakonien. og ein del av diakoniplanen.

Eldretreffa er lagt til første tysdag i kvar månad kl 12 - 14 og vert kunngjort i lokalavisa og andre medier. Det er til vanleg ein hovudgjest som presenterer eit tema. Vidare er det plass til felles song, eit ord for dagen og det vert servert gode brødmat og kaffi og stundom noko godt ekstra.

Haustsemesteret vert gjerne avslutta med ein liten adventkonsert i Os kyrkje før ein samlast i Kløvertun for mat og prat. Vårsemesteret avsluttast med ein dagstur (busstur ) til ein triveleg stad for lunsj og med gode opplevingar under vegs.

Velkomen!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"