Fasteaksjonen samler kvart år inn viktige midler for å skaffe folk i heile verda tilgang til reint vatn. I Os og Bjørnafjorden har tradisjonen for å delta og gje vore sterk i mange år og vi er stolte over at så mange engasjerer seg, og at vi jamt over ligg i landstoppen blant dei som samler inn mest per innbyggjar. Det vil vi halde fram med i 2025, og for å lade opp inviterer vi til ein hyggeleg og uforpliktande samling i Tunet førstkomande fredag 17.januar frå klokka 09.30. Vi har kaffi og noko å bite i, og frå klokka 10-12 visast Kirkens Nødhjelp sitt digitale inspirasjonsprogram der mellom andre generalsekretær i KN Dagfinn Høybråten og prost i Oslo Pål Kristian Balstad deltek. Her blir ein både klokare og inspirert til å finne sin måte å bidra til ein av årets viktigaste dugnadar.
Konfirmantane våre deltek i Fasteaksjonen som ein viktig del av konfirmant-året. Og i lag med dei treng vi både organisatorar, bøssebærarar, kakebakarar, sjåførar og andre nøkkelpersonar. Er du nysgjerrig og kjenner at dette kan vere noko for deg? Då er du hjarteleg velkommen innom Tunet på fredag, anten du kan vere heile tida eller berre får til ein tur innom.
Meir informasjon om både Fasteaksjonen og den digitale inspirasjonssamlinga kan du finne på lenka nedanfor.