Gudstenestelivet i Os kyrkjelyd
I Os kyrkjelyd feirar vi gudsteneste med ulike uttrykk som og speglar mangfaldet av menneska i kyrkjelyden. Håpet er at alle vil finna eit uttrykk som passar dei, men at ein kan delta i alle dei ulike gudstenesteformene våre uansett kva uttrykk ein kjenner seg mest "heime" i.
Som hovudregel er det gudsteneste kvar søn- og heilagdag i Os kyrkje, og annankvar søndag i Nore Neset kyrkje. Vi har og to årlege gudstenester i Lyse Kloster kapell, friluftsgudstenester og gudstenester i samarbeid med Søfteland bedehus i løpet av året.
Os kyrkjelyd har tre typar hovudgudsteneste med start kl. 11 søndag føremiddag:
Høgmesse
Høgmessa er den tradisjonelle gudstenesta med fast liturgi, salmesong og bøner. I høgmessa har vi ofte dåp, og alltid nattverd. Det er høgmesse to søndagar i månaden i Os kyrkje og ein søndag i månaden i Nore Neset kyrkje
Familiegudsteneste:
Familiegudstenesta er særleg lagt opp for born, og er litt kortare enn dei andre gudstenestetypane. Både musikk, bøner og forkynning vil vere særleg retta mot dei yngste i kyrkjelyden, og born er medverkande i gudstenesta. Familiegudstenestene skjer gjerne i kombinasjon med trusopplæringstiltak som utdeling av 4-årsbok eller tårnagenthelg. Det er ofte dåp, og av og til nattverd på familiegudstenestene. Det er familiegudsteneste ein søndag i månaden i kvar av kyrkjene våre.
Bandgudsteneste:
Om lag ein søndag i månaden feirar vi bandgudsteneste i Os kyrkje. Denne gudstenesta er litt friare i forma enn dei andre gudstenestene våre, og har litt annan liturgi. Songen og musikken er ved frivillige band med noko ulik besetning og forsongarar frå gong til gong. Vi brukar både lovsongar av nyare dato og velkjende salmar. Under bandgudstenestene er det eigen samling for borna i Tunet. Det er sjeldan dåp, og alltid nattverd på bandgudstenestene.
Dåpsgudsteneste:
I tillegg til dei tre typane hovudgudsteneste har vi ein søndag i månaden ei kortare dåpsgudsteneste i Os kyrkje kl. 10, som er særskild tilpassa dåp. Dåpsgudstenesta er lagt til søndagar med høgmesse. Dette er ei komplett gudsteneste, men det er ikkje nattverd, og det er eit kortare program for å kunne invitera fleire born til dåp.