INFOMØTE OM KONFIRMANTÅRET 2024/25, TORSDAG 6. JUNI KL. 19.30 I STORSALEN I TUNET. Møtet er for både foreldre og konfirmantar.
Du skal få ei stadfesting på epost om at påmeldinga er motteke. Kontakt oss om du ikkje har motteke denne eposten.
Vi erfarer at det er viktig for mange konfirmanter å vera sammen med kjente og vener på aktivitet og leir. Vi vil likevel opplyse om at dei aller fleste klarar seg fint sjølv om dei ikkje kjem saman med andre kjente. Men bruk tid på å avtale med dei det er viktig å reise på leir saman med for eksempel, slik at ein melder seg på rett frå første stund.
Gruppeaktiviteter du kan velje
Ved påmeldinga kan konfirmanten velje aktivitetsgruppa for konfirmanttida. Påmelding til dette skjer etter «første mann til mølla»- prinsippet, og når ein aktivitet er full så forsvinn alternativet frå lista i påmeldinga.
Her er lenke til informasjon og påmelding til konfirmantåret 2024/25