Tysdag 11. mars kl. 18:00 inviterer vi til opent møte om frivillig arbeid ved gudstenester. Møte finn stad i Eldstova i Tunet kyrkje- og kultursenter.
Møte er for alle, enten du er frivillig i kyrkjelyden frå før av, eller om du er nysgjerrig på å bli frivillig hos oss. Det er uforpliktande å vere med på møte.
Vi legg opp til eit informerande og inspirerande møte. Agendaen vil vera:
- Fortelje om de ulike moglegheitane som frivillig ved gudsteneste. Karteleggja kven som er interessert i å gjere kva for ein teneste?
- Å inspirera kvarandre til vidare teneste. Kva er det som gjer samvirket mellom tilsette og frivillige i gudstenesta så verdifullt.
- Ha ein samtale om kyrkjekaffien. Kyrkjekaffien er ei sosial forlenging av gudstenesta, og mange opplever kyrkjekaffien som ein viktig møteplass.
Vi tek sikte på å avslutta møtet seinast 19:30. Velkommen!