Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Dåps- og trusopplæringssamtalen med presten

Før dåpen har presten ein samtale med foreldra til barnet. Kva denne samtalen inneheld kan du lesa nedanfor.

Dåps- og trusopplæringssamtalen

Når kyrkjekontoret får melding om fødsel av ein ny Øygardsværing, får dei føresette invitasjon til dåp. Etter at dåpsdatoen er fastsett, gjer ein avtale om ein samtale med presten på kyrkjekontoret. Samtalen varer omlag ein halv time.

Denne samtalen er ein fin mogelegheit til samtale om dåpen og å verta betre kjent med kyrkjelyden. Samtalen er eit verdifullt møtepunkt mellom prest og dåpsforeldra. Ein del av samtalen handlar om praktiske spørsmål. Er det fyrste barnet som skal døypast, er det gjerne ulike ting ein lurar på. Viss nokon i familien likar å syngje eller å lese, kan ein avtale korleis dei kan medverke under gudstenesta. Det er veldig flott når nokon i dåpsfamilien deltek på denne måten.

Me kallar denne samtalen ein ”dåps- og trusopplæringssamtale”. Me ser nærare på kva som er innhaldet i den kristne dåpen, og på kva tida etter dåpen kan innehalde. Me går igjennom kva kyrkja har av tilbod til born og ungdom. Korleis ein kan leggje til rette for at born får ei kristen tru vert det og ofte tid til å reflektera rundt. På slutten av samtalen får foreldra med seg ein plakat med ei enkel kveldsbøn, samt invitasjon til babysong og småbarnssong i kyrkja.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse: Postboks 144, 5331 Rong

Besøksadresse: Tytebærbrekko 2 (Temahuset), 5353 Straume (du kan gjere avtale for å besøke kyrkjekontoret i Øygarden)

Kyrkjekontoret si ekspedisjonstid: Mandag til fredag 10.00-14.00

Telefon sentralbord: 55 09 74 40

E-post: post.oygarden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"