Vi vil bruke tre ettermiddagar i mai for å vere med å spreie glede og for å gjere verda til ein betre stad, seier dei ansvarlege for Aksjon Godheit 2022 frå kyrkjelydane Saron, Metodistane, Sund, Fjell, Foldnes og Landro.
Tre ettermiddagar i mai tilbyr vi gratis assistanse med oppgåver som til dømes:
- husmaling utandørs
- husvask utandørs
- plenklipping
- hekklipping
- baking og utdeling av bollar
- bilvask på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje
- montering av hagemøblar
- rydding i hagen
- og liknande praktiske oppgåver
Vi vil prioritere hjelp til eldre menneske, einslege forsørgjarar og innvandrarar, men også andre kan melde inn ønskja sine.
Vi treng mange ivrige, innsatslystne dugnadsmedarbeidarar. Viss du veit om nokon som har lyst til å delta eller sjølv vil vere med på aksjonen, kan kyrkjekontoret ta imot påmeldingar på tlf. 400 03 316 eller e-post post.oygarden@kyrkja.no.
Lurer du på noko, må du berre å ta kontakt med oss!
For Godheitsaksjonen 2022
- små ting gjort i kjærleik -
Arvid Nese og Eigil Nødtvedt
Tlf. 938 42 579 og 920 44 587