Når nokon døyr

Det er dei næraste pårørande som har ansvaret for gravferda. Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan òg velje å gjere det meste sjølv. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Ta kontakt med oss om det er noko du vil spørje om.

En person legger hodet mot skulderen til en annen. De er kledd i sorte klær. De er i begravelse.

Kontakt med Øygarden kyrkjekontor om gravferd (uavhengig av tru og livssyn)

Når nokon døyr og ein ønskjer gravferd i Øygarden, kan pårørande sjølv ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor på telefon 400 03 316, for å avtale tidpunkt for gravferd. Dersom ein ikkje ønskjer å avtale dette sjølv, kan ein be gravferdsbyrået om å avtale gravferd etter dykkar ønskje.

Hovudreglar for tidspunkt for gravferd

Det kan gå 10 virkedagar, det vil seie 10 arbeidsdagar, frå nokon døyr til det må vere gravferd. Dersom det skulle vere vanskeleg å få gravferda innan 10 dagar, kan ein søkje skriftleg til kyrkjeverja i Øygarden. I følgje Gravferdslova §13, må det leggjast fram tungtvegande grunnar for at ein skal gå utover dei 10 virkedagane.

Vi har faste gravferdsdagar, som også gjeld dersom ein ikkje skal ha kyrkjeleg seremoni.

Gravferdsdagar i Sund kyrkje og Kausland kyrkje

Tysdag kl. 10.30 og 13.00.
Fredag kl. 10.30

Gravferdsdagar i Fjell kyrkje - Er under renovering og er stengt for gravferder

Tysdag og fredag kl. 10.30 og 13.00.
Torsdag kl. 13.00.
Fredag 10.30 og 13.00 

Gravferdsdagar i Foldnes kyrkje

Tysdag og fredag kl. 10.30 og 13.00 (kl. 13.00 berre når det ikkje er konfirmasjonsundervsining).
Onsdag kl 10.30.
Torsdag kl. 13.00.
Fredag 10.30 og 13.00 

Gravferdsdagar i Landro kyrkje

Tysdag og fredag kl. 10.30 og 13.00 (kl. 13.00 berre når det ikkje er konfirmasjonsundervsining).
Torsdag kl. 13.00.
Fredag 10.30 og 13.00 

Gravferdsdagar i Blomvåg kyrkje og Hjelme kyrkje

Onsdag kl. 10.30 og 13.00.
Fredag kl. 10.30.

Urnenedsetjing

Øygarden kyrkjekontor får beskjed om urner som skal setjast ned i Øygarden. Når urna er komen til Øygarden kyrkjekontor, tek vi kontakt med pårørande og avtaler tidspunkt for urnenedsetjing.

Dersom de ønskjer det, kan ein av våre prestar vere med på urnenedsetjinga. Det er fint om nokon av dei pårørande er med på gravplassen når urna skal setjast ned.

Vi sørgjer for at urna kjem til gravplassen, der ho skal setjast ned.

Minnesamvær etter gravferda

Dersom familien ønskjer det, kan ein ha minnesamvær i ei av våre kyrkjer etter gravferda. Ta kontakt med Øygarden kyrkjekontor for å avtale tidspunkt og kyrkje.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"