Reint vatn redder liv!

Sjå for deg at du vaknar i morgon, og når du skrur på vatnet for å pusse tenna kjem det skittent vatn ut av krana. Drikker du vatnet risikerer du å bli sjuk, og du får heller ikkje vaska deg på henda. Dette er realiteten for mange menneske i landa Kirkens Nødhjelp jobbar i, og dersom koronaviruset kjem kan konsekvensane bli enorme. Derfor er pengane vi samlar inn i Fasteaksjonen i år endå viktigare enn før!

Foto: Kirkens Nødhjelp

Som følge av koronaviruset blir det ingen dør-til-dør aksjon i år, men vi avlyser IKKJE Fasteaksjonen. Takka vere digitale løysingar kan vi fortsatt samle inn pengar som kan redde mange liv. Pengane frå Fasteaksjonen blir brukt blant anna til å gi folk reint vatn, fungerande toalett og hygieneprodukt.

 

I dag skal du få lære du treng å vite om Fasteaksjonen og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Les teksten, sjå filmane og send inn svara på quizen til slutt.

 

Fasteaksjon og kva vi får til saman

Nå er det fastetid, og mange bruker denne tida på å reflektere over korleis vi lever livet vårt. Ein viktig del av fastetida er også å vende blikket utover og sjå dei som har det vondt. Fasteaksjonen er eit godt alternativ for dette, for der kan du både vere noko for andre og gi noko til andre.

 

Kirkens Nødhjelp jobbar med klimatilpassa vatn, sanitær og hygiene både i langsiktige prosjekt og akutte katastrofar over hele verda. Målet er å sikre menneske tilgang til reint vatn, trygge sanitærforhold og å legge til rette for god hygienepraksis i fattige lokalsamfunn. Pengane frå Fasteaksjonen går blant anna til dette arbeidet. I dag lever 1 av 9 menneske i verda utan tilgang til reint vatn. For berre 200 kroner kan ein person få tilgang på reint vatn for resten av livet! Det same kostar ein kinobillett pluss ein dyr brus og fire smågodtbitar frå kiosken.

 

Kirkens Nødhjelp jobbar med å sikre tilgang til reint vatn, førebu lokalsamfunn på akutte klimaendringar og tilpasse lokalsamfunn til langsomme klimaendringar

Bate skulle legge på flukt 

For nokon år sidan var forholda i landsbyen Beseko i Etiopia kritiske. Dei måtte hente alt vatnet frå elva, der dyra også gjekk. Folk ble dødssjuke av vatnet, og mange planla å legge på flukt. Blant dei var Bate på 14 år. Nå har folk i landsbyen fått reint drikkevatn. Og dei har lært masse om hygiene og korleis dei skal bruke det reine vatnet. Bate seier han skal bli lege slik at han kan kurere folk frå sjukdomar

 

Springejenta Kila

Det beste Kila veit er å springe. For nokon år sidan brukte ho all fritida si på å hente vatn. Nå har landsbyen fått reint vatn, og ho kan endelig springe så mykje hun vil! Takka vere reint vatn held ho seg frisk, og familien har vatn til matlaging, til kaffi og til dyra. Fasteaksjonen er med på å gi fleire barn og unge ei ny framtid!

 

Sjå filmane om Bate og Kila nederst på sida før du svarar på quizen.

Legg du inn heile namnet ditt blir du med i trekninga av eit kinogavekort.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"