BLI MED! Vær eit lys for andre

Har du lyst til å vera frivillig medarbeidar i Fjell kyrkjelyd? For meir informasjon om det å vere frivillig medarbeidar i Fjell kyrkjelyd, kan du ta kontakt med "Utval for frivillig teneste" i Fjell sokn: Gerd Fjeld Andersen, tlf: 90194841.

Meld deg som frivillig i skjemaet nederst på sida.

 

Kyrkjevert - Bidra med ulike tenester under gudstenesta. Ønskje velkomen, utdeling av salmebøker, ta inn takkoffer. Rydde inn att salmebøker , barnebøker o.l. Ca 4-5 søndagar i semesteret.

Kyrkjekaffi - Ansvarleg for å lage til kyrkjekaffien etter gudstenesta, og rydda og vaska opp etter kyrkjekaffien. Ca 4-5 søndagar i semesteret.

Medliturg- Les dagens tekstar og kunngjerningane i gudstenesta.  Nattverdsutdelar samen med presten.  Ca 4-5 søndagar i semesteret.

Teknikar - Styrer lyd og eventuell lysbilder som er gjort klare på førehand. Må komme litt før gudstenesta byrjar slik at alt er klart. Ca 2-3 søndagar i semesteret.

Søndagsskule - Ansvar for å arrangere søndagsskulen under gudstenesta.  Nokre har ansvar for aktivitetar, andre for andakt.  Ca 2-3 søndagar i semesteret.

T-dagen – Ulike praktiske oppgåver med registrering, hjelpe på kjøkkenet eller rydding. I tillegg treng vi ofte nokon som kan følgje ungane i grupper eller bidra i formidlinga på ulike måtar.

Lunsjhjelpar babysang – Lunsjhjelp inneber å setje fram smørelunsj ein måndag i månaden eller sjeldnare, i kyrkjelydsalen .  Kl.10.30 - ca. kl.12.30

Barnekor - Tweenskor  -  Kora våre treng vaksenkontaktar til å vere med å organisere arbeidet med koret, til dømes føre listar, gi info om øvingar/tilstellingar o.l.  Dei treng og vaksenpersonar på øvingane.

Tweensklubben - Vera vaksenleiar på klubbkveldar. Ha ein andakt innimellom dersom ein ønskjer det.

Ten Sing Lukas – Hjelp til med å laga til eit lite måltid på øvingane, (som regel i Foldnes)  Vaksent nærvær på weekendar og leirar.

KRIK - Er du sporty og ønskjer å vere leiar på eit av KRIK-laga våre så er du velkomen til det! Her kan du bidra med andakt, eller vere med og leie KRIK-øktene.  

Anna ungdomsarbeid - Ungdomsarbeidet vårt består av ulike treffpunkt blant anna Ungdomslørdag, Ungmesse, leirar og leiarkurs. Ynskjer du å bidra i dette arbeidet er vi glad for det!

Misjonsprosjekt - Vera med i ei gruppa som vil vere sentral i arbeidet med ei årleg misjonshelg, og vere med i førebuingane av ei misjonsgudsteneste i løpet av året.

Sotra reviderte –Vera med å syngje eller gjera organisasjonsarbeid og promotering.

Kyrkjebrass –  Vera med å spele eller gjer organisasjonsarbeid og promotering.

Musikalske innslag -  Dersom du syng eller spelar eit instrument, er du velkomen til å opptre på gudstenester eller andre tilstellingar.

Retreat i Fjell – Være med å gjøre i stand og ta del i gjennomføring av et fast oppsett, være en del av retreatstaben.

Diakonale tiltak - Hjelpa til med besøksteneste, kyrkjeskyss,  eller bærekraftig liv. Under her kjem også diakonale enkeltarrangementer.  

Gudstenesteutvalet - Utvalet skal bidra til å skape engasjerande og livsnære gudstenester der den treeinige Gud vert forkynt.

Informasjonsutvalet - Utvalet skal sørgje for ein god informasjonsflyt ut til alle målgrupper i Fjell sokn. Gjennom ulike kanalar skal det informerast om kva som skjer av gudstenester, aktivitetar og arrangement, skape engasjement og tilhøyre, samt kalle til tru og etterfølging. Hovudmål: Gjere Fjell kyrkjelyd synleg i soknet

Utval for frivillig teneste - Utvalet skal bidra til å rekruttere, koordinere og ivarata frivillige medarbeidarar i soknet. Hovudmål: Bidra til kyrkjelydsvekst gjennom engasjering og involvering av frivillige til teneste.
         “Gudsteneste-utvalet”, “Informasjonsutvalet” og “Utval for frivillig teneste” i Fjell sokn er underutval til Fjell sokneråd.

Enkeltarrangement - Om du ikkje ynskjer ei fast teneste, men er villig til å bli spurd om enkelt-oppdrag så er du velkommen til å vere med her. Spesifiser gjerne kva du kan tenke deg å bli spurt om. Om det er kakebaking, musikalske innslag, andakter, å vere vaksen-hjelp på T-dagar eller ulike arrangement, eller om det er noko anna.

Bli med som frivillig medarbeidar i Fjell!

Kva har du lyst til å vere med på? Kryss gjeren av for fleire.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"