Landro kyrkje 40 år

Landro kyrkje fylte 40 år i 2017, og soknerådet inviterte til ein uformell bursdagsfest i Landro kyrkje i november.

Landro kyrkje vart vigsla den 11. desember i 1977. I Nordre Fjell måtte ein vente lenge på å få kyrkje. Det var eit langt arbeid som låg bak bygdefolket då kyrkja stod ferdig og vart vigsla. Svært mange menneske var blitt involvert og hadde gjort mykje for at kyrkja kunne takast i bruk. Tomta kyrkja står på vart gitt av Jens Landro.

I 40 år har kyrkja no samla folk til gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigslar, gravferder, konsertar, arrangement og anna. Mange har også hatt glede av å delta i ulikt barnearbeid, klubb, korarbeid og møter. Jamvel ein barnehage har kyrkja husa i mange år! Kyrkja er ein stad der ein møter Gud og kvarandre i glede og i sorg. Landro kyrkje er enkel, men ein stad å bli glad i. Kyrkjerommet hentar mykje karakter frå den vakre steinveggen fremst i kyrkja. Den kan minne om Første Petersbrev kap. 2: «Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus.»

Nokre av steinane i veggen i kyrkjerommet i Landro kyrkje. Foto: Bjarte Nese

I soknerådet meinte ein at «ein 40-åring feirar bursdag, medan ein 50-åring har jubileum». Det vart difor arrangert ein uformell bursdagsfest for kyrkja  i november. Mange gode minner vart henta fram etter 40 år med kyrkjelydsarbeid.  Takk til alle som har stått på  for Landro kyrkje!

Bjarte Nese, sokneprest i Landro 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"