Lyddugnad

22. oktober kl 19.00 blir det konsert i Foldnes kyrkje for å samle inn penger til eit nytt lydanlegg i kyrkja.

Lyddugnad

I 2017 sette Foldnes sokneråd i gang ein prosess med oppgradering av lydanlegget som er i kyrkja for å auka standarden vesentleg slik at det kan bli i stand til å fungera tilfredsstillande under større konsertar med mange involverte. Det vart lagt ein plan om å oppgradera 3 ting: Monitorsystem, Lysanlegg og Høgtalarar. Denne oppgraderinga vil gje eit stort løft som vil auka kvaliteten på mange ulike opplevingar i kyrkja, alt frå gudstenester til bryllup, gravferder og konsertar, så det er noko som veldig mange vil få glede av.

På desse 4 åra så har delar av denne planen blitt gjennomført: Monitorsystem er på plass med forsterkarar og 6 monitorhøgtalarar, lysanlegg er montert i kyrkja, med lysmiksar pluss 8 lyskastarar som heng fastmontert under taket, dette er første trinn i ein litt meir omfattande pakke som er planlagt. No er turen komen til å skifta ut høgtalarane som heng i kyrkja, og det er det desidert tyngste løftet økonomisk i denne planen om oppgradering av lydanlegget. For å kunna bli i stand til å gjera ei slik investering, treng soknerådet eit stort tilskot av midlar utanfrå, og for å hjelpa til med dette vart det i samband med Foldnes kyrkje sitt 20 års jubileum etablert ein fundraisingskomite i 2020, som har som mål å samla inn nok midlar til at planen om fornying av høgtalarar kan gjennomførast. Dette er ein driftig komite som har hatt mange møte og lagt store planar. Hovudsatsinga er ein stor konsert som henvender seg både til næringslivet i regionen og til alle privatpersonar som ønsker å vera med og støtta dette prosjektet.

Konserten har vore under planlegging i eit heilt år og måtte diverre utsetjast heile 3 gonger, men no er endeleg ein definitiv dato fastsett. Billettsalet er i full gang, og songarar og musikarar har starta sine førebuingar.

Det blir ein innhaldsrik konsert med høg kvalitet både på musikk og foredrag.

Dei som medverkar på konserten er:

Trond Olsen , gitar og vokal

Roy Vorland, vokal

Solveig Mo, vokal

Bergljot Gjedrem, vokal

Lisa Andersen, vokal

Solveig Algrøy Hjørnevik, konsonant

Trygve Hellesen, sax og gitar

Aasmund Brekke, piano og el-piano

Erlend Gjøen , bass

Tor Håvard Wiig, trommer

Kveldstankar ved sokneprest Maria Tveten

Foredrag om livsmeistring ved Hein Kvalheim: Kva er viktig i livet?

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"