Giverteneste i Foldnes kyrkje

Bli med og bygg kyrkjelyd ved å bli fast givar!

Giverteneste handlar djupast sett ikkje om økonomi. Det handlar ikkje fyrst og fremst om at kyrkjelyden treng pengar, sjølv om vi sjølvsagt gjer det, men det er ikkje derfor vi gir! Giverteneste handlar om kva slags kyrkjelyd vi ønsker å vera. Det handlar om korleis vi vil leva kristenlivet vårt. Givertenesten skal reflektera ein livshaldning vi ønskjer skal prega oss. Givertenesten gjer det mogeleg å gjennomføre vår visjon, nemleg at Foldnes kyrkje skal vere: "Di kyrkje for alle dagar".

 

Arbeid blant vaksne

La og vaksne få kjenne at Foldnes kyrkje er deira kyrkje for alle dagar!

Vaksne treng og ein stad å høyre til óg utanom gudstenestene på søndag. Særleg har RAMP samla mange menneske gjennom dei fem siste åra. Mange får ei ny og god oppleving med å vere i kyrkjerommet, lytte til god musikk og lære noko nytt gjennom dei som kjem og held foredrag. For mange er desse samlingane eit steg inn i ei veksande tru.

 

Barne– og ungdomsarbeid

Ei gåve til ungdomsarbeidet vil vere ei gåve til at stadig fleire born og unge skal få lære Jesus å kjenne og finne ein heim i kyrkja. Dei får erfare at Foldnes kyrkje er deira kyrkje for alle dagar.

I Foldnes kyrkjelyd samlast mange born og unge. Gjennom eit variert og rikt arbeid møtast om lag hundre born og ungdomar i kyrkja. Foldnes kyrkjelyd har tilsatt to ungdomar som saman med andre tilsette driv Foldnes barnegospel og Ungdomslørdag.

 

Diakoni

Diakoni er å vise Guds kjærleik i konkret handling og ta vare på heile menneske gjennom heile livet.

I Foldnes kyrkjelyd har det diakonale arbeidet ei stor breidde. Det siste året har vi byrja eit nytt arbeid ved å satse på besøksarbeid og vi har sagt at vi ønskjer å vere med å styrke familiar og samliv.  Ein gåve til kyrkjelyden sitt diakonale arbeid gjer det mogeleg å vere kyrkje óg utanfor sjølve kyrkjebygget. 

 

Kyrkjelydsarbeidet generelt

Fleire har ønska å gje vere fast givar til kyrkjelydsarbeidet generelt.

Ved å gje på den måten vil soknerådet kunne tilretteleggje for tiltak og arrangement som kjem kyrkjelyden og lokalmiljøet til gode. 

 

Vil du støtte arbeidet vårt på denne måten?

Trykk her for å opprette avtale

(Leverandøren kan inntil vidare ikkje levera heile teksten på nynorsk.)

gjevarteneste foldnes.png

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"