Konfirmasjonane utsett til hausten

Kjære konfirmantar og føresette i Blomvåg og Hjelme! Her kjem meldinga kanskje mange har venta på. Det er i dag bestemt at konfirmasjonar vert utsett til hausten for heile Øygarden kommune. Dette vert gjort sidan våren er uoversiktleg med tanke på virusmutasjon, vaksinasjonstempo og nokså strenge restriksjonar. Det er også eit poeng å bidra til minst mogleg reise mellom landsdelane i vår.

Vi tek avgjerda såpass tidleg for å skape forutsigbarhet. Vi kan også tillate oss å håpe at det vert moglegheit for fleire gjestar både i kyrkje og på festen til hausten.

Dei som skulle konfirmerast 2. mai i Blomvåg vert flytta til 29. august.

Dei som skulle konfirmerast 8. mai i Blomvåg vert flytta til 4. september.

Dei som skulle konfirmerast 9. mai i Hjelme vert flytta til 5. september.

Har de spørsmål, ta kontakt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"