Invitasjon til sorggruppe for ungdom

Denne våren startar vi opp med sorggruppe for ungdomsskuleelevar i Øygarden kommune. Sorg er ulikt frå person til person, men vi veit at det er godt for mange å ha ein plass der vi kan dele sorga med andre som veit kva sorg er.

Gruppa vil møtast seks gongar fram til sommaren, på onsdagar frå kl. 14-15 på kyrkjekontoret  (i 2. etasje på Temahuset på Straume, over Jysk). Det er ikkje krav til at dei som er med i gruppa må sei noko på samlingane, men alle som veljar å vere med i gruppa seier óg ja til teieplikt. Erfaring visar at å delta i ei sorggruppe er ei god støtte og hjelp for dei som har opplevd tap. Datoane for gruppa blir:

  • 24. mars
  • 07. april
  • 21. april
  • 05. mai
  • 19. mai
  • 09. juni

Oppstarten av sorggruppe for ungdom skjer i eit samarbeid mellom kommunepsykologane i Øygarden og Den norske kyrkja. Dei som vil leie sorggruppa er Torbjørn Fjøren (har vore soknediakon i kyrkja og har i ei årrekke vore ein del av kriseteamet i tidlegare Fjell kommune) og Maria Tveten (har vore ungdomsprest og arbeidar no som sokneprest i Foldnes kyrkjelyd). Begge har mykje erfaring med sorg og sorgarbeid. Kyrkja har ein særleg kompetanse på sorgarbeid og det er difor kyrkja leier sorggruppa, men tilbodet passar alle uavhengig av livssyn. Vi er og tilgjengeleg for samtalar viss det passar betre.

Påmelding skjer ved å ta kontakt med sokneprest Maria Tveten (mt989@kyrkja.no /tlf 45063016). Har du behov for meir informasjon, kan du og ta kontakt med henne.

 

Vennleg helsing

Gro Berge
Kommunepsykolog 

Maria Tveten
Sokneprest

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14
Kontoret er stengt for besøk, 
men me er tilgjengeleg på 
Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"