Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ledig stilling: Kantor/kyrkjelydsmusikar

Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer kantor/kyrkjelydsmusikar – 100 % stilling, med høve til å søkje på stilling som leiar av seksjon for kyrkjemusikk

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Stillinga som kantor/kyrkjelydsmusikar høyrer til seksjon for kyrkjemusikk, og er primært knytt til Fjell sokn.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Nye Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer kantor/kyrkjelydsmusikar – 100 % stilling, med høve til å søkje på stilling som leiar av seksjon for kyrkjemusikk

Ønsker du å fargeleggje kyrkja sin bodskap om Guds kjærleik og byggje kyrkjelyd gjennom allsidig musikk som formidlar, ber, leikar og trøystar?

Dersom svaret på dette spørsmålet er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som kantor/kyrkjemusikar. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Fjell sokn. Du vil og få høve til å byggje vidare på ein lokal musikktradisjon som omfattar eitt breitt spekter av musikalske sjangrar.

Søkjarar til stillinga får samtidig høve til å søkje på stillinga som leiar av kyrkjemusikkseksjonen. Som seksjonsleiar vert du medlem av kyrkjeverja si leiargruppe, får koordinerande ansvar for det kyrkjemusikalske arbeidet og personalansvar for kyrkjemusikarane i fellesrådsområdet.

Det må gå klart fram av søknaden om du berre ønskjer å søkje på stillinga som kantor/kyrkjemusikar, eller om du også søkjer på stillinga som seksjonsleiar.

Dersom du også vert tilsett som seksjonsleiar for kyrkjemusikk, vil arbeidet verte organisert slik at leiarstillinga vert ein del av ei heilskapleg stilling som leiar for kyrkjemusikkseksjonen og kantor/kyrkjemusikar i Fjell.
Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.

 

Arbeidsoppgaver kantor/kyrkjelydsmusikar

  • Leie og utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Fjell sokn i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Gjere teneste ved gudstenester, kyrkjelege handlingar, trusopplæringstiltak, institusjonsandaktar og andre arrangement i soknet
  • Rekruttere og støtte frivillige medarbeidarar til deltaking i kyrkjemusikktenesta
  • Leggje til rette for at ulike musikalske uttrykk får sin plass i kyrkjelyden sitt arbeid
  • Leggje til rette for eit godt samarbeid med lokale bedehus/kyrkjelydar, lag og organsiasjonar og offentlege instansar
  • Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar innan heile fellesrådsområdet etter oppsett tenesteplan
  • Gjere teneste på ulike tiltak for barn og unge
  • Samarbeide innan kyrkjemusikkseksjonen om gjennomføring av kyrkjemusikalske tiltak på tvers av sokna i fellesrådsområdet


Arbeidsoppgåver seksjonsleiar kyrkjemusikk

  • Å leie og koordinere det kyrkjemusikalske arbeidet innan fellesrådsområdet
  • Leie seksjon for kyrkjemusikk
  • Leie eit sokneteam i samarbeid med soknepresten

Kvalifikasjonar

  • Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant musikkutdanning
  • Dugleik til å kunne utøve innanfor ulike stilartar
  • Dugleik innan direksjon
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel

Personlige egenskaper

  • Du inspirerer til deltaking
  • Du skapar glede og begeistring gjennom allsidig musikkformidling
  • Du er ein utprega lagspelar, og har evne til å spele andre gode
  • Du har interesse for arbeid med barn og unge
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har evne og vilje til å utføre praktiske og administrative oppgåver knytt til arbeidet

Vi tilbyr

  • Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd, sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Eit godt samarbeid innan kyrkjemusikkseksjonen og eit arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
  • Høve til personleg og fagleg utvikling

Anna

  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Du må ha førarkort og disponere bil
  • Aktuelle søkarar vert kalt inn til intervju og prøvespel.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og regelverk for kyrkja.
  • Den som blir tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest, jfr Kyrkjelova § 29

 

 Søknadsfrist: 09.03.2020

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 55 09 74 40
post.oygarden@kyrkja.no

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"