Ledig stilling: Seksjonsleiar kyrkjer og gravplassar

Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer seksjonsleiar for kyrkjer og gravplassar.

«Nær Gud, nær menneske.» Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve. Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer.

Innan fellesrådsområdet er det 8 kyrkjer og 17 gravplassar.

Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Kyrkjene i Øygarden er signalbygg i kommunen som rommar både glede og sorg, kvardag og fest, og dei er viktige for vært mange menneske. Gravplassane er stader for seremoniar og minne, og ofte sorg og sakn. Fellesrådet sitt mål og ønskje er at kyrkjene og gravplassane skal forvaltast slik at dei vert gode plassar å komme til for menneske i alle livssituasjonar.

Til å leie dette viktige arbeidet, søkjer Øygarden kyrkjelege fellesråd seksjonsleiar for kyrkjer og gravplassar.

Stillinga inngår i kyrkjeverja si leiargruppe, og spelar ei viktig rolle i utviklinga av kyrkja i Øygarden. Du vil ha overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkja sine eigedomar, og for å skape god og effektiv samhandling og koordinering både mellom tilsette, og med dei mange brukarane av kyrkjene i Øygarden. Du må ha god teknisk og praktisk innsikt, og erfaring innan leiing av drift og vedlikehaldsplanlegging.

Du vil få fag- og personalansvar for 12 dyktige kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar i store og små stillingar, og skal styre og utvikle ressursane innan seksjonen.


A
rbeidsoppgåver

  • Utforme mål og planer som sikrar langsiktig og planmessig vedlikehald og utvikling av kyrkja sine bygg og eigedomar.
  • Sikre effektiv bruk og forvalting av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med mål, budsjett og økonomireglement.
  • Leie utviklinga av medarbeidarar, organisering og fordeling av tildelte ressursar og kompetanse innan seksjonen
  • Gjennomføre offentlege anskaffingar i tråd med gjeldande regelverk, inngå og følgje opp kontraktar, byggje- og anleggsprosjekt.
  • Følgje opp serviceavtalar, ha kontakt med eksterne firma vedrørande vedlikehald og kontrollar.
  • Gravferdsforvalting i tråd med gjeldande regelverk
  • Hovudbrannvernleiar for verksemda.
  • Noko arbeid helg og kveld

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Relevant yrkeserfaring. Denne vil i særskilte tilfelle kunne kompensere for formelle kvalifikasjonar
  • Kompetanse og erfaring innan personalleiing, økonomi og administrasjon
  • Erfaring innan drifts- og vedlikehaldsplanlegging
  • God digital kompetanse
  • God kunnskap om Den norske kyrkja
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B
  • Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.


Personlege eigenskapar

  • Du tek initiativ og likar utviklingsarbeid
  • Du er tillitsskapande, kommuniserer godt og er flink til å samarbeide med andre
  • Du har evne til å planleggje og tilretteleggje både eigen og andre sin arbeidskvardag
  • Du har høg arbeidskapasitet, god oversikt og evne å handtere mange ulike oppgåver samtidig
  • Du er serviceinnstilt, løysingsorientert og kvalitetsbevisst
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.

 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
  • Pensjonsmedlemsskap i KLP

 

Søknadsfrist: 26.01.2022

Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"