Diakoni og omsorg

Jesus nytta begrepet diakonos (tenar) om seg sjølv.

Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjalp menneske. Han helbreda sjuke og han ga utstøytte ein plass i fellesskapet. I følgje Bibelen nytta Jesus begrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. 

Diakoni er derfor evangeliet i handling. Det dreier seg om nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Spennet er stort frå den kvardagslege omsorgen for naboen, via arbeid for klima, til internasjonalt engasjement for nedkjemping av fattigdom. 

Diakonien ønskjer å fremje respekt og verdigheit, vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får ta vare på rettane sine.

Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja (henta frå Plan for diakoni): Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Åpningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 10-14

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"