Laurdag 19. februar kl 13-15 blir det ein kjempekjekk T8-dag i Foldnes kyrkje. Ta gjerne med deg heile familien! Vi skal vandre mellom ulike stasjonar og gjere mykje kjekt saman. I løpet av vandringa får de samle saman masse idear og fine ting som de kan bruke vidare saman heime.
Tema for vandringa er «Lat oss be». Dei ulike stasjonane handlar difor alle om bøn, men på veldig ulike måtar. Visste du til dømes at vi kan blåse såpeboblar opp til Gud? Eller at vi kan bake bønekringler? Eller har du nokon gong trilla terning for å finne ut kva bordbøn vi skal syngje? Alt dette, og mykje meir, skal de få lære meir om på T8-dagen, og etterpå får de med dykk eit fint «bønenettt» med masse idear oppi.
Ta gjerne med ein kosebamse heimefrå, slik at også han eller ho kan få vere med på den fine vandringa.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.