VOR SUPLICAS
VEGAR VÅRDAL, MARI MIDTLI OG ODDRUN LILJA
Vor Suplicas – vår bøn, framførast som eit musikalsk landskap med nykomponert musikk til handskrivne songtekstar frå 1700-talet. Østen Kjørren (1722–1805) var husmann og treskjerar frå Heidal i Gudbrandsdalen. Det er han som har skore altertavla i Hegge stavkyrkje.
Kjørren skreiv og salmar som han samla i ei lita bok og det er desse tekstane som er utgangspunktet for konserten. Musikarane er Vegar Vårdal – feler, Mari Midtli – song og Oddrun Lilja – gitar.
Inngang kr 200
UngINN-pris kr 50 (for alle mellom 13 og 21 år)
Gratis for dei under 13 år
Arrangør: Hilme året rundt
Konserten er støtta av Norsk kulturfond