Rogne barnehage har pynta eit juletre utanfor Rogne kyrkje med vakre hjarte med håp for
verda! Det kan alle gjere! Skriv eit håp, eit ynskje, ei bøn på ein lapp og heng opp på treet!
Det kan, men treng ikkje har form av eit hjarte! Bønene vert bede for på gudstenesta
julekvelden!
I sentrum på Beitostølen vert det og sett opp eit tilsvarande tre 22. desember.
Høyr kyrkjeklokkene, bruk håpstreet.
Kyrkjeklokkene vil ringe jula inn slik dei alltid har gjort; hald på ein gamal - eller skap ein ny tradisjon med å gå ut på trammen og lytt til dei. Mykje høgtid sig innover ein då!

Håpstreet utanfor Rogne kyrkje Foto: Eli Vatn