Ta dykk ein liten halvtime i godstolen, tenn eit lys og skap ei høgtidsstund i heimen.
Finn telefonen eller datamaskinen og nyt kyrkjeklokkene, ordførarens helsing til bygdefolket, julesong frå skuleungar frå heile kommunen og soknepresten sitt ord for dagen.
Julegudsteneste på nett; høgtidsstund i heimen!
I samarbeid med skulane i kommunen har vi laga ei digital julegudsteneste som vert tilgjengeleg her, tidleg på julekvelden.

St.Lucia Rogne Foto: Eli Vatn