Kva vi ser etter
Ein person som er villig til å ta i eit tak og vil bidra til samfunnet. Personlege eigenskapar blir sterkt vektlagt. Praktisk sans og stå på vilje er ein stor fordel.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste oppgåvene til kyrkjetenaren er mellom anna
- Ansvar for at kyrkja er klargjort og vert rydda i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Gjere vaktmeisteroppgåver som løypande tilsyn etter hugseliste, og rapportere til dagleg leiar
- Ringe med klokkene etter soknet sitt reglement
- Andre forefallende oppgåver
- Plenklypp av kyrkjegarden om du vil.
Vi tilbyr
Ein meiningsfull jobb som gjer mange gode opplevelser for den rette personen.
Om arbeidsgiveren
Fellesrådet er teneste- og forvaltningsorganet for Den norske kyrkja sine 4 sokn innan Øystre Slidre kommune, som ligg i Valdres prosti og Hamar bispedøme.
Vi ynskjer å representere ei tenande og open folkekyrkje som er til stades i livet til medlemmane - og som er ein aktiv medspelar i offentleg og frivillig arbeid for lokalsamfunnet.
Fellesrådet står for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer - av desse ei stavkyrkje - og 4 gravplassar. Rådet tek i vare dei overordna administrative og økonomiske oppgåvene for dei lokale sokna til Den norske kyrkja, og samarbeidet med den kommunale forvaltninga.
Kyrkjeverja er dagleg leiar for denne verksemda og for 12 tilsette - ca. 4 årsverk.