Årsmelding for Volbu sokn 2020
Soknerådet:
Soknerådet har i 2020 hatt desse medlemmene:
- Leiar: Bjørg Kristin Skogen Opheim
- Nestleiar: Liv Hirth Skjel
- Kasserar: Morten Haugseth
- Sekretær: Grete Veisene
- Medlem: Øystein Skattebu og Olaug Okshovd
- Sokneprest: Eli Vatn
- Varamedlem: Helge Meisdalen
- varamedlem: Nikoline S. Hesjadalen
- varamedlem: Tina Rosèn
- varameldem: Kristine Rogne
Alle medlemmer og 1.vara (Helge Meisdalen) vert kalla inn til alle møter.
Soknerådet har i 2020 hatt 6 eigne møter, eitt avlyst i koronatida.
I tillegg har det vore fellesmøte for alle sokneråda i Øystre Slidre 14.10 i samband vedtak om ny grunnordning for høgmessa.
Årsmøte for soknet vart avvikla i Volbu prestegard etter messa 08. 03 med svært godt oppmøte.
Tilsette i kyrkjelyden
I 2020 har desse vore i staben:
- Prest: Sokneprest Eli Vatn og prost Carl Philip Weisser
- Klokkar: Hildur Vingdal
- Kyrkjetenarar: Jon Gunnar Solhaug og Svein Hegge
- Kyrkjemusikar: Magne Olav Selland
- Kyrkjeverje: Marianne Straum, og frå 1. september Ove Ekerbakke
- Sekretær: Oddveig Holdal Weeg
- Kyrkjelydspedagog: Ellen Oddveig Rudi
Utval:
Frå 01.11. er oppgåvene fordelt slik:
- Fellesrådet: Morten Haugseth og Olaug Okshovd Vara: Øystein Skattebu
- Diakoniutvalg: Tina Rosèn og Kristine Rogne
- Trusopplæringsutvalg: Øystein Skattebu og Nikoline Hesjadalen
- Juletrefestkomite: Grete Veisene og Helge Meisdalen
Gudstenesteliv:
Gudstenestelivet har vorte svært prega av koronapandemien og smittevern tiltaka. Kyrkjene var stengde for publikum frå 13. mars til 17. mai; men det vart likevel ringt i klokkene ved messetid kvar søndag når det skulle vore messe.
I 2020 var det i Volbu kyrkje 18 gudstenester med til saman 501 deltakarar. På grunn av korona har nokre gudstenester vorte avlyst og tre dåpsgudstenester vore haldne utanom søn- og helgedagar. Det vart av same grunn haldne 2 konfirmasjonsgudstenester med til saman 115 deltakarar i september i staden for den planlagde i juni.
På grunn av restriksjonane på nattverdsfeiring hadde 2 gudstenestene nattverd, med til saman 45 nattverdsgjester.
Til 17. mai gjorde Tor Arne Solberg i samarbeid med soknepresten opptak til ei digital gudsteneste som vart lagt ut på heimesida og facebook. Den var vakker, sjåartalet var 490
Det vart ikkje halde skulegudsteneste, men saman med Tor Arne Solberg filma soknepresten og laga ei digital gudsteneste i samarbeid med skulane og Rogne barnehage. Denne vart vist for skulane, og på Youtube via kyrkja si heimeside og facebook. Sjåartalet noko det same som 17. mai gudstenesta.
Det var stølsmesse 16.august hjå Marit og Torleif Idstad på Berseth med 46 deltakarar.
Vi arrangerte i 8. november ei Taizegudsteneste med preike i samtale med Erika Hoffmann. Tema var miljø.
Helgemessa vert arrangert for alle sokn i Hegge kyrkje.
Messa 1. juledag hadde påmelding og vart ikkje fullteikna.
Medlemmer av soknerådet og konfirmantane har delteke som kyrkjevertar under messene. I haust var konfirmantane ministrantar.
Det vart gjeve offergåver på til saman kr. 7.755,- av dette kr. 2.653,- til arbeid i kyrkjelyden.
Kyrkjelege handlingar:
Kyrkjelyden hadde i året:
5 konfirmantar, men 3 frå andre sokn vart og konfirmerte i Volbu pga koronasituasjonen
5 gudstenester med dåp
5 gravferder
0 vigslar
Aktivitetar og arrangement i kyrkjelyden og verksemda generelt:
- Felles juletrefest for alle 4 sokna på Tingvang 5. januar.
- Det har i alt vore 7 andaktar (mykje mindre enn normalt)på sjukeheimen.
- Fasteaksjon – 29.-31. mars vart avvikla digitalt.
- Dugnad på kyrkjegarden vart ikkje offisielt avvikla, men rådet med fleire stilte 18. 05.
- Samling for gullkonfirmantar frå heile Øystre Slidre, arrangert av Volbu og Rogne sokn 13. september med 15 deltakarar
- Pilegrimstur for konfirmantar frå Volbu til Hegge – 30. august
- Nyttårskonsert - 31. desember vart avlyst
- Kyrkja har vore nytta om lag ein måndagskveld i månaden til kristen meditasjon – «Pusterom» dette er eit av tilboda som har halde fram også i dei delvis stengde periodane.
- Kyrkjebladet blir skipa til i samarbeid med dei andre sokna. I redaksjonen sit Ingrid Meyrick, Martha Viken, Oddveig Holdal Weeg, Eli Vatn og delvis Saskia Van Veen som set bladet. Hausten 2020 vart det vedteke i sokneråd og fellesråd at sokneråda sjølv bær ut bladet for å spare kostnader. Dette gjorde det mogleg å legge ved giro som ga auka gåvepengar, og eit eige ark om tilboda om julegudstenester denne spesielle jula. På grunn av økonomien i fellesrådet vart det berre gitt ut 3 nummer i år.
Trusopplæring:
- Oddlaug Gullaksen har sydd dåpsdukar til dei døypte i Volbu sokn.
- Det har vore 9 samlingar babysong i Rogne kyrkjestoge for alle sokn. Frå Volbu sokn 1 deltakar. Carl Philip Weisser har vore ansvarleg
- Det vart delt ut bøker til 4 – og 6 åringar (den siste i Rogne kyrkje)
- Tårnagentsamling for Rogne og Volbu måtte grunna koronaen avlysast.
- LysVaken måtte og koronaen avlysast, men 11 åringane fekk tilbod om boka Kamelguten send i posten i staden.
- Konfirmantopplæring tilnærma normalt sett bort frå avlyst samtalegudsteneste og utsett konfirmasjon.
Diakoni:
Diakoniutvalet i Rogne og Volbu arrangerte 2 sosiale samlingar i Rogne men det vart etter koronautrbruddet ikkje fleire samlingar i år
Dei eldre i soknet (frå 80 år) som fyller heile og halve tiår får blomar.
Det har vore jamt med andaktar på sjukeheimen.
Verksemda generelt:
Arbeidet i soknerådet har i 2020 handla om praktisk tilrettelegging rundt dei tradisjonelle aktivitetane i kyrkja, men som sagt mykje har blitt avlyst. Ein har måtte vera spesielt fleksibel for å kunne arrangere dåp og gravferd. Råd og ikkje minst staben har vist stor vilje og evne til å finne gode løysingar.
Digital kyrkje
Soknepresten gjekk kvar morgon frå ned stenginga i mars til opning for gudstenester 17. mai i Volbu kyrkje og ba for folk og kyrkje. Ho la samstundes ut på heimesida og facebook ein liten meditasjon knytt til kyrkja sitt interiør, eller ei salme. I påska held vi gudsteneste i forbøn for folk og kyrkje, klokkene ringde og staben forretta utan deltakarar.
17. mai og julegudsteneste vart laga digitalt.
I den mørkaste tida før jul intervjua soknepresten mange om kva som gav glede. Dette vart publisert på heimesida og facebook. Det slo godt an, og var ein fin måte å vera kyrkje på – ikkje minst for soknepresten.
Mykje har vore annleis, men talet gudstenester har vorte mest som normalt likevel. Talet på deltakarar på gudstenester og kyrkjelege handlingar har sjølvsagt blitt mykje mindre.
Volbu januar 2021
Eli Vatn sokneprest
VOLBU SOKNERÅD
REKNESKAP 2020
INNTEKTER
Omvisning kr 2.000
Takkeoffer kr 7.933
Bruk av gåver kr 45.000
Renteinntekter kr 2.159
UTGIFTER
Overføring til andre kr 50.166
Driftskostnader kr 2.243
Årsresultat kr 4.681
BALANSE
Soknekassa kr 5.934
Barne og ungdomsarbeid kr 21.592
Legat Ågot og Nils O. Strande kr 9.873
Pulskonto kr 178.124
Sum eiendeler kr 215.523
Eigenkapital kr 52.097
Volbu kyrkje gåver kr 163.426
Sum gjeld og eigenkapital kr 215.523