Konfirmasjon
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
Konfirmantåret er ein del av trusopplæringa og skal styrke og stadfeste trua, stimulere til refleksjon og utvikling på terskelen til vaksenlivet, og utruste ungdommane med reiskapar for å tene Gud og gjera godt mot andre menneske.
Konfirmasjon i Rogne og Volbu kyrkje fyste sundag i juni, og i Hegge og Lidar kyrkje andre sundag i juni. Alle som går på 8. trinn får invitasjon til konfirmasjon, med innskriving rett etter sumarferien. Konfirmant året startar med Pilegrimsvandring frå Volbu til Hegge kyrkje. I gjennom året er det samling med tema kyrkjelege handlingar, deltaking i gudsteneste, fasteaksjon, Hekta konfirmasjonsleir på Lillehammer m.m.