FELLESRÅDSAK 17/16
Framlegg til vedtak:
Kyrkjeleg fellesråd i Øystre Slidre vedtek desse avgiftene frå 01.01.17
1. Vigsel for busette utanfor Øystre Slidre: For vigsel i kyrkjene kr. 3 200,-. For vigsel i Lyskapellet eller anna lokale enn kyrkjene kr. 2 000,-
2. Gravferd for busette utanfor Øystre Slidre: For gravferdsseremoni (utan nedsetting) i kyrkje i Ø. Slidre kr. 3 500,-. For kistenedsetjing kr. 4 000,-. For urnenedsetjing kr. 2 500,-. For ny grav (festeavgift 20 år) kr. 3 000,-
3. Utleige til konserter og andre kulturarrangement: Skolekonsert, lokale kor/korps o.a. frå Ø. Slidre kr. 0,- Andre kulturarrangement kr. 2 500,-.
4. Utleige til medlem av andre kristne trussamfunn. Sjå satsar i klasse 1,2,3 (Eventuelt fråtrekk for kyrkjemusikar)
5. Utleige til skuleklasser. Skuler i Ø. Slidre kr. 0,-. Skuler frå andre kommunar kr. 2 500,-.
6. Festeavgift, gravstell. Festeavgift pr. år (fastsettast av kommunestyret ny pris frå 01.01.2019) kr. 200,- Planting, stell, administrasjon (2 plantingar, blomar inkludert) kr. 2 000,-.
7. Omvising i dei 4 kyrkjene våre. Opning kyrkje dagtid, utan omvisar kr. 500,- . Omvising med omvisar kr. 2 000,-.
Unnatak frå betalingssatsane « Dei som er døypt og /eller konfirmert i ei av kyrkjene i Øystre Slidre skal ikkje betale for vigsel, gravferdsseremoni eller nedsetjing.»
Vedtak: Som framlegget. Samrøystes.