Ord for dagen - 26.03.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu kyrkje 26. mars klokka 08.30. Enno ein morgon har eg tend lysa i Volbu kyrkje, for oss alle, men og for meg sjølv!

Glasmaleri i Volbu kyrkje. Foto: Eli Vatn

Det har byrja bli ein kjær vane, ei god fast rytme i desse usikre tidene. Som ei kjelde å javnleg gå til.

388 Som ein hjort lengtar etter vatn

Tekst: Salme 42, 1-3

Melodi: Martin J. Nystrom

1 Som ein hjort lengtar etter vatn
eg lengtar etter deg.
Som ein hjort lengtar etter vatn
eg lengtar etter deg.
Berre du gjev meg trøyst og ro.
Hos deg, min Gud, vil eg alltid bo.
Som ein hjort lengtar etter vatn
eg lengtar etter deg.

2 Opp til deg går min takk og lovsong.
Eg tilber deg, min Gud.
Opp til deg går min takk og lovsong.
Eg tilber deg, min Gud.
Berre du gjev meg trøyst og ro.
Hos deg, min Gud, vil eg alltid bo.
Opp til deg går min takk og lovsong.
Eg tilber deg, min Gud.

 

Vi kan ikkje møtast, men vi kan fortsatt be! Kvar morgon klokka 08.30 held soknepresten ei enkel morgonbøn i Volbu kyrkje.
De som sit heime kan delta i morgonbøna gjennom sjølv å tenne eit lys, be ei bøn. De kan og sende kyrkja ei bøn via SMS til sokneprest Eli Vatn på 99129976, eller på messenger til henne.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"