Ord for dagen - 25.05.2020 av sokneprest Eli Vatn

Volbu 26. mai.

Foto: Eli Vatn

Heime att i Gosen! Då eg kom heim i går låg Volbufjorden blank, lauvet var gjennomskinleg for kveldssola og Sverre hadde slept sauene på beite like ved prestegarden. Minte om at ein kan kjenne seg heime så mange stader.
David skal få æra av å ha dikta salma i dag. Nr. 23 i bibelen.
Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.

2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.

3 Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.

4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.

5 Du dukar bord for meg
framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.

6 Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
gjennom alle tider.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"