Lysa blir tende med forventning om liv og kraft. Det er verdt å merke seg at Den heilage Ande finn vi spesielt symbolisert på døra som opnar opp til orgelet og kyrkjetårnet! Endog med orda frå Salme 148: «Halleluja Lovsyng Herren frå himmelen, Lovsyng han i det høge» Høveleg både for musikken og atterljomen frå kyrkjeklokkene. I Olav Bjærum sin salme «Vår Gud du skapar dag for dag dei vakre Valdres grender» tek han utgangspunkt i den treeinige Gud, med ...eit vers for kvart aspekt ved Gud 1. Skaparen, 2 Frelsaren Kristus, og 3 Den heilage Ande
1 Vår Gud, du skaper dag for dag
dei vakre Valdres-grender.
Du skapte oss til liv i lag,
til dine hjelparhender.
Du er ei kjelde klår til liv i våre kår.
Er vi eit tre ved livsens elv,
skin over oss ein himmelkvelv.
2 Når vi i overmot skrid fram
og vil oss sjølve råde,
kjem Kristi kross og tek vår skam
og gjev oss alt av nåde.
Til fridom blir vi løyst, Guds Son er all vår trøyst.
Han ber oss gå på kjærleiks veg
og vil oss fylgje steg for steg.
3 La atterljomen av di røyst
få lyde for vårt øyre,
så våre ord blir andres trøyst,
som klokkeklemt å høyre.
Guds Ånd, skap du i oss den tru på Kristi kross
som ber oss fram til Gud, vår Far,
til han som er og blir og var.
T: Olav Bjærum