Ord for dagen 02.03.2021 sokneprest Eli Vatn

Barmhjertighet heiter det på bokmål; "Med hjarte på rette staden" er den beste nynorske formuleringa eg kjem på nett no. Uansett eg likar begge to!

Altertavla i Rogne kyrkje. Foto Saskia Aleida Van Veen

I barmen der skal det vera eit hjarte som slår! Som held liv i kroppen, som går fortare i motbakken, som har godt av å verta brukt; ein vert sterk med god kondis. Å ha hjarte i halsen i lang tid er ikkje godt, å kjenne det blø for nokon er ein sunn reaskjon, likeeins å svulme varmt og stolt for nokon du er glad i.

Paradoksalt nok er det når ein mister nokon ein er glad i at hjartet ofte opnar seg spesielt. Det har eg kjend på så mange gonger i møte med sørgande. Det er som å koma inn i eit varmt rom. Ein kjenner på alt det gode som har vore, ja til og med på takksemd kan ein kjenne i ei slik stund.

På altartavla i Rogne står Jesu mor Maria og hans kjære disippel Johannes ved krossen. Jesus ber Johannes ta mor si til seg som si eiga mor. Han gjev dei på eit vis til kvarandre; deira sørgande opne hjarte får kvarandre å bry seg om i saknet etter Jesus.

Slikt skjer heile tida i sorg. Vi knyter oss til kvarandre. Hjarta treng ikkje stivne einsame. Slik er det i alle fall når ting fungerer på det beste. Åhh kor eg lengtar til vi kan møtast alle som vil stå saman i sorg og sakn. Slik at vi kan gjevast til kvarandre i nye band, med nye varme rom mellom kvarandre - framleis med hjartet på rette staden.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"