Alver kyrkjelege fellesråd

Hei! Har du vært på Alverdagen og skal delta i quizen? Det kan du gjøre ved å klikke på denne linken: https://www.surveymonkey.com/r/K2JSXSY

Som fylgja av at Lindås, Meland og Radøy kommunar skal slå seg saman til Alver kommune, må det byggjast eit nytt kyrkjeleg fellesråd for den nye kommunen. Arbeidet med å byggja nye Alver kyrkjelege fellesråd er allereie i gong og vi kjem til å halde dykk oppdatert via nettsidene våre. Tilsette i dagens tre fellesråd vil også finna informasjon på Kyrkjebakken.

Websida til Alver kyrkjelege fellesråd er under utarbeiding.

I mai har det vore mykje møteaktivitet knytt til byggjinga av nye Alver kyrkjelege fellesråd, mellom anna: Møter i leiargruppa; møte med konstituert rådmann i Alver kommune; møte i arbeidsutvalet; møte med tillitsvalde; informasjonsmøte med prost og tillitsvald for prestane som har bispedømet som arbeidsgjevar. Månaden vert avslutta med nytt møte i kyrkjeleg fellesnemnd den 30.mai kl 16 på Radøy kyrkjekontor.