Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Siste nytt frå Alver kyrkjelege fellesråd

Her vil vi holde deg oppdatert med kva som skjer i arbeidet med å byggja nye Alver kyrkjelege fellesråd.

25.april 2019 - ny kyrkjeverje i Alver

John Fredrik Wallace er tilsett som kyrkjeverje i det nye samanslåtte Alver kyrkjelege fellesråd. Han tek til i stillinga 12. august. Det nye fellesrådet trer i kraft samtidig som Alver kommune 1.1. 2020.

Wallace arbeider no som næringsrådgjevar i Meland kommune og dagleg leiar i Meland utbyggingsselskap AS . Han har utdanning i samfunnsøkonomi og leiing og brei arbeidserfaring i leiarstillingar, mellom anna frå Vestfoldsmusea, Buskerud fylkeskommune og Nøtterøy sparebank. Kyrkjeleg fellesnemnd, som har tilsett han, er nøgd med å ha fått ein person med allsidig leiarerfaring innan ulike område til å leie prosessen med å samle tre fellesråd til eitt, seier leiar Grethe Lunde. Wallace bur i Hillandsfeltet, er gift og har to vaksne barn og er ein aktiv frivillig medarbeidar i Den norske kyrkja.

19.desember - status ved årsskiftet

Eit travelt arbeidsår ligg bak oss og allereie no kan ein trygt seia at 2019 kjem til å verta minst like travel! I tillegg til å avslutte prosjekt Alver skal det også arrangerast kyrkjeval.

No ved årsskiftet kan ein sjå tilbake på alt som er gjort. Alle fellesråd er no på kyrkja si eiga IKT-plattform, Kirkepartner. Innstilling om val av grunnleggjande IKT-system og fagsystem for gravplassadministrasjon er overlevert prosjektleiinga. Radøy held på å innføre XLedger LPR-system og alle dagens fellesråd har fått grunnopplæring i bruk av Public360 journal- og sakshandsamingssystem. Public360 vert innført frå 01.01.2019.

Det som gjenstår på IKT-fronten er val av fagsystem for kyrkjeleg administrasjon; lausriving frå kommunale IKT-nettverk; innføring av mobilt bedriftsnett og evt. IP-telefoni.

Kyrkjeleg fellesnemnd hadde sitt siste møte for 2018 den 20.desember. Her vart det gjort viktige val om framtidig organisering av Alver.

1. Lokaliseringa av kyrkja i Alver blir i hovudsak vidareført som i dag, med 5 kyrkjelydskontor og eitt fellesrådskontor. 

2. Desse funksjonane ligg til fellesrådet: 

  • Økonomi: Rekneskap, lønn, forretningsmessige funksjonar, utfakturering, tilskot 
  • Telefoni / IKT / WEB / facebook etc 
  • Arkivfunksjonar og møteadministrasjon 
  • Bygg- og anleggsforvaltning 
  • Gravferdsforvaltning 

Det blir vidare lagt opp til at sokneråda får naudsynt administrativ hjelp som kasserar og sekretær, og at funksjonar som rekneskap og arkiv / møtehandsaming for sokneråda blir lagt inn i dei IKT-løysingane som kyrkjeleg fellesråd tar i bruk. 

3. Praktiske oppgåvekonsekvensar av dette må utarbeidast i eige delegasjonsreglement. Eventuelle økonomiske konsekvensar må utgreiast. 

4. Fellesnemnda vedtar ein tilpassa Modell C, der ein legg rolla som dagleg leiar for sokneråda til ein stilling i staben. Stillinga vil få oppgåver definert i nytt delegasjonsreglement, m.a. avgrensa personal-funksjonar. Denne stillinga kan rekrutterast ved intern utlysing. 

5. Personen som har denne rolla møter i soknerådet, og vil bli eit viktig bindeledd mellom sokneråd og fellesråd. Det er naturleg at desse går inn i kyrkjeverja si leiargruppe. 

6. Fordeling av ressursar til stillingane må drøftast nærare. Det er ønskjeleg at soknet bidrar økonomisk. Sokna som i dag ikkje bidrar til stillingar blir utfordra til å gjere dette.

Møtebok for kyrkjeleg fellesnemnd kan du lesa her.

 

2.november - ein travel haust

Oktober har vore ein innhaldsrik månad for prosjekt Alver. Kyrkjeleg fellesnemnd hadde ekstraordinært møte den 2.oktober 2018 for å drøfta saka om tilsetjing av ny kyrkjeverje. Møteboka med vedtak finn du her.

Medarbeidarane på Radøy har nyleg hatt innføringskurs i LPR-systemet XLedger som dei tek i bruk frå 01.01.2019. Systemet er vald av kyrkja sentralt og ser ut til å vera ei framtidsretta og tidssparande løysing. Mykje er automatisert og nettbank vert ein saga blott sidan banktilgang er integrert i XLedger. Det vert også mogleg å levera elektroniske reiserekningar slik som prestane allereie gjer.

Radøy har også gjennomført startmøte med systemansvarleg for Public360, for å planleggja implementering av vårt valde arkiv-/sakshandsamingsløysing. 

Det er også mykje som skal skje i tida framover. Mellom anna skal både Lindås og Meland verta migrert til Kirkepartner si driftsplattform:

Meland: Frå torsdag 22.11 kl 15 

Lindås: Frå torsdag 29.11 kl 15

24.september - ein travel månad er snart bak oss

Med sommarferien bak oss har september vore ein månad med mykje aktivitet. I veke 37 var det møte både i PSU, kyrkjeleg fellesnemnd og arbeidsgruppa for IKT/Administrasjon. Fellesnemnda handsama desse sakene:

  • M-6/2018 Kirkepartner IKT - framdrift
  • M-7/2018 Nytt rekneskapssystem
  • M-8/2018 Økonomi, økonomiplan og tenesteyting
  • F-23/2018 Organisering og lokalisering av tilsette og kontor - drøftingssak
  • F-24/2018 Møteplan for hausten 2018
  • F-25/2018 Tilsetjing av kyrkjeverje

Møtebøker frå kyrkjeleg fellesnemnd finn du her.

Høgdepunktet i veke 38 var haustens første "Alverdag" der samtlege tilsette var samla på Nordgardsløa på Frekhaug. Der ver det skikkeleg "team building" samt eit flott arbeidsøkt om å byggja og utvikla gode arbeidsmiljø ved prost Helge Taranrød. Dagen etterpå var leiargruppa og leiar i kyrkjeleg fellesnemnd i møte med programansvarleg i Alver, Ørjan Raknes Forthun.

På IKT-fronten er kartlegging av Meland no i gong i samband med den planlagde migrasjonen til Kirkepartner-plattforma. Radøy har også begynt prosessen med innføring av XLedger som LPR-løysing.

04.september - kva har skjedd i sommar?

I sommar var det naturlegvis pause i møteverksemda knytt til Alverprosjektet, men det skjedde ein heil del på IKT-fronten. Kartlegging og planlegging av overgangen til kyrkja sin eigen IKT-leverandør, Kirkepartner, vart gjennomført på Radøy og fellesrådet vart migrert over i slutten av august. Neste fellesråd som står for tur er Meland, med Lindås sist ute. Planlegging av innføring av arkivsystemet Public360 skal gjerast saman med Austrheim og arbeidet har så vidt starta opp.

Hittil etter sommar har det vore møte i leiargruppa, fellesnemnda sitt arbeidsutval og det skal også haldast drøftingsmøte mellom organisasjonane og prosjektleiinga.

30.mai 2018 - møte i PSU og kyrkjeleg fellesnemnd

Denne dagen var det møte både i fellesnemnda og partsamansatt utval (PSU), det som tilsvarar administrasjonsutvalet i våre noverande fellesråd. Fellesnemnda gjorde mellom anna vedtak i to viktige saker:

  • Fellesnemnda har valt Kirkepartner IKT som driftsplattform for det nye fellesrådet, og arbeidet med å flytte til den nye løysinga byrjar etter sommarferien. Radøy vert det første fellesrådet som skal porterast.
  • Fellesnemnda ynskjer å avvikle tenesteytingsavtalane som i dag eksisterer mellom dagens fellesråd og kommunane. Nemnda legg til grunn at dei faktiske kostnadane som ligg i avtalen blir kompensert fullt ut.

Ellers vedtok nemnda møteplan for hausten, valde vararepresentantar til AU (arbeidsutvalet) og godkjende siste utgåva av prosjektplanen. For fullstendig møtebok klikk her.

Mai 2018

Denne månaden har vore prega av mykje møteverksemd, sjølv om det har vore mange korte arbeidsveker. Mellom anna har det vore følgjande møte:

  • Møter i prosjektleiinga
  • Møte i arbeidsutvalet, med fokus på IKT (arkiv, journal- og sakshandsamingssystem), drøftingar om framtidig kommunal tenesteyting
  • Møte mellom prosjektleiinga og tillitsvalde
  • Informasjonsmøte mellom prosjektleiinga og prosten/tillitsvald for prestane som har bispedømet som arbeidsgjevar
  • Møte med konstituert rådmann i Alver kommune

I tillegg går det mykje arbeidstid til saksførebuing og gruppearbeid.

Månaden vert avslutta med møte i den kyrkjelege fellesnemnda, onsdag 30.mai kl 16 på Meland kyrkjekontor.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"