Velkomen til dåp

Kvart år vert cirka 50 born døypt i kyrkjene på Radøy, og dåp er ein sentral del av vår gudstenestefeiring. Når eit barn blir boren til dåp, blir vi minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda – og gjennom alle tider. Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lover å følgje barnet alle dagar.

Det er vanleg at dåpsfylgjet kjem inn i kyrkja i prosesjon saman med liturgen (presten) og dei andre medliturgane i starten av gudstenesta.

Vi har dåp dei fleste sundagane i året, men ikkje alltid.

Det er ikkje høve til å ha dåp på Skjærtorsdag, Langfredag, konfirmasjonsdagar, Bots- og bønedag, Helgemessesundag, på julaftan, 17 mai, eller i samband med utvandringsfestivalen.

Presten som skal halde dåpsgudstenesta kjem til å kontakte dykk for å avtale ein dåpssamtale. Dette skjer som regel veka før de skal ha dåp.

Du kan enkelt bestille dåp elektronisk ved å fylgje lenkja nederst på denne sida. Alternativt så kan du ta kontakt med kyrkjekontoret.