Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Bestilling av dåp

Her kan du bestille dåp i Radøy sokn via nettlesaren din. Du slepp dermed å vente på at kyrkjekontoret er opent og kan velja fritt blant ledige dåpsgudstenester. Løysinga ivaretek alle dine rettar i samsvar med GDPR-lovgjevinga.

Om tenesta

Tenesta er levert av vår systemleverandør Kirkedata, og skjer via ein portal som heiter "Min kirkeside." Lenkja til bestillingsskjemaet finn du nederst på denne sida.

Viktig om GDPR og samtykke

Det er svært viktig at de kryssar av for at vi får samtykke til å kontakta minst éin forelder, og på minst éin måte (mobil, SMS, epost eller brev). Utan slikt samtykke kan vi ikkje kontakta dykk nærmare, mellom anna for å avtale dåpssamtale, og handlinga vil ikkje kunne gjennomførast!

Pålogging og registrering av opplysingar

Pålogging og verifisering skjer via SMS. Du får tilsendt ein eingongskode som gjev tilgang til Min kirkeside. Når du kjem inn, så veljer du "Registrer dåp" og leggjer inn dei opplysningane du har om dåpsbarnet, mor og far. Du kan òg leggja inn namn på fadder dersom det er klart, men dette er ikkje påkrevd.

Nederst på skjemaet kan du velja kva dato og klokkeslett de ynskjer å ha dåp. Det er berre dei gudstenestene der det er mogleg å ha dåp som kjem opp på lista. 

Når du klikker på "Lagre og send inn" vert opplysningane lagra på ein sikker måte hjå systemleverandøren vår. Medarbeidarane på kyrkjekontoret vil godkjenne bestillinga så snart som mogleg, og vil ta kontakt med dykk dersom det er problem. 

Presten som gjer teneste på dåpsdagen vil kontakta dykk rundt ei veke før dåpen for å avtale dåpssamtale.

Dersom de ikkje er busette i Radøy kommune må de også ta kontakt med kyrkjekontoret der de bur for å avtale dåpssamtale der. De kan bruke søkefeltet nederst på sida til å finne dykkar lokale kyrkjekontor.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"