Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkjegardsvedtekter for Radøy

Vedtekne av Radøy sokneråd dato 28. januar 2009, sak 1 med heimel i Lov av 7. juni 1996 om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd § 21, første ledd. Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 11. februar 2009. Etter forvaltningslova §2c er kyrkjegardsvedtektene å sjå på som forskrift.

§1. Drift og administrasjon.

Radøy sokneråd har rådvelde over, og det administrative og driftsmessige ansvaret for kyrkjegardane i Radøy kommune.

§2. Kyrkjegardstilhøyring.

Døde som ved dødsfallet er innførte i folkeregisteret i Radøy kommune, har rett til å verta gravlagde på den kyrkjegarden som den som syter for gravferda ynskjer, når det er ledig plass der.

Soknerådet  kan med heimel i §6 i gravferdslova gi løyve til at også folk som bur utanfor Radøy kan gravleggjast  i kommunen mot betaling av fastsett avgift.

§3  Freding og feste av graver

Fredingstida for ei grav er 20 år for alle kyrkjegardane i kommunen.

Festetida er 20 år om gongen fram til grava er 60 år etter siste gravlegging. Dette gjeld både for særskilt feste av reservert grav på tilvist plass, og for omattfeste av grav etter at fredingstida er ute.

Ei grav vert fornya så snart festeavgifta er betalt etter gjeldande satsar.

Ei grav som er over 60 år, kan berre fornyast etter særskilt søknad til soknerådet, og då for inntil 10 år. I særskilde høve (t.d. barnegraver der søsken ennå lever, eller andre spesielle tilhøve) kan soknerådet gje forlenging av feste utover 70 år.

Ved opning av grav er det høve til å reservera særskilt grav ved sida av ein person, eller i særskilte høve, til to personar, mot betaling av gjeldande avgift for reservert gravstad. Festetida for særskilt reservert grav er 20 år. Er feste ikkje oppretta eller fornya innan 6 månader etter at varsel er sendt ut, fell gravstaden attende til kyrkjegarden, og kan fritt nyttast om att.

§ 4 Grav og gravminne

Kyrkjegardsarbeidarane skal syta for oppgraving, og for planering og tilsåing av grava etter gravlegging.

Berre gravminne som er i samsvar med forskriftene til gravferdslova §§ 22, 23 og 24, kan setjast opp.

Soknerådet skal og i samsvar med forskriftene til gravferdslova § 25, godkjenna gravminne og montering av slike på gravplassane i kommunen.

Gravminne kan tidlegast setjast opp 6 månader etter gravlegging.  I mellomtida skal grava merkast med den gravlagde sitt namn.

Eit gravminne kan berre setjast opp når soknerådet eller den soknerådet gjev fullmakt, er tilstades, peikar ut plassen og godkjenner fundamenteringa. På dobbeltgrav skal gravminnet plasserast midt mellom dei to gravene.

Soknerådet har rett til mellombels å leggja ned eller flytta gravminne når det er nødvendig for stell og opprusting av gravparsellen, eller for å komma til og nytta andre graver. I slike høve skal soknerådet sjå til at gravminna vert sette opp att og plantefeltet ordna til slik det var før inngrepet vart gjort.

§ 5  Stell av grav.

Vedlikehald og stell av fellesarealet på kyrkjegardane er soknerådet sitt ansvar.

Festar eller den ansvarlege for grava har rett og plikt til å stella den gravstaden kvar enkelt har ansvar for. Plantefelt som ikkje er stelte, kan  av kyrkjegardsarbeidarane  ryddast og såast med gras. Ei grav  som ikkje er halden i hevd skal normalt ikkje fornyast.

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt i høgd med bakken omkring. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn gravminnet, og det skal ikkje  gå lenger fram  enn 60 cm frå bak-kant av gravminnet. Ved særlege smale gravminne, kan plantefeltet vera breiare enn gravminnet, men ikkje breiare enn totalt 60 cm.

Plantane i feltet må ikkje vera så store at dei skuggar for andre gravminne, dekker over namnet på gravminnet, eller hindrar arbeidet på kyrkjegarden.

Grava, plantefeltet eller deler av grava skal ikkje innrammast med hekk, lause steinar, jern, plast eller anna materiale. I dei høve det vert nytta plantekasse framfor gravminnet, skal denne gravast så djupt ned at ingen ting av kassen viser over bakken. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som vert montert i same høgda som terrenget omkring.

Det er ikkje høve til å bruka faste dekorting i plantefeltet. Lys og lykter er tillate om vinteren. Desse må saman med andre lause dekorgjenstandar, fjernast etter bruk.

Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal vera laga av organisk materiale som er komposterbart.

Soknerådet kan syta for stell og vedlikehald av gravminne og plantefelt mot betaling. Slike ordningar skal vera sjølvfinansierande. Det skal utarbeidast skriftleg gravstellsavtale i kvart enkelt tilhøve.

§ 6  Gravfond

Mot innbetaling av ein avtala sum til eit gravfond, kan soknerådet overta ansvar for planting og stell av enkeltgraver i eit oppsett tidsrom. Soknerådet skal vera styrar for alle gravfonda om ikkje anna er avtala med dei pårørande. Gravfonda kan ikkje gå over lengre tid enn attverande frednings- eller festetid for grava. Det skal opprettast skriftleg avtale om kvart gravstellsfond.

Dersom det i avtaletida oppstår økonomiske tilhøve som gjer at fondsmidlane ikkje strekk til for heile avtaletida, skal dagleg leiar gje melding om dette til den som er ansvarleg for grava slik at dei får høve til å auka fondsinnbetalinga.  Om ikkje vert stellet av grava avslutta når fondsmidlane er brukt opp. Fondsmidlar som vert att når avtaletida er ute, vert ikkje refunderte, men skal nyttast av soknerådet til å gjera kyrkjegarden vakrare.

Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av fondsmidlane og for gravstellsavtalene.

§ 7 Næringsverksemd

Næringsdrivande som ynskjer å driva verksemd på gravplassane kan berre gjera dette etter løyve frå og i forståing med soknerådet.  Løyvet kan kallast tilbake om vedkommande ikkje rettar seg etter gjeldande lover, forskrifter eller vedtekter.

§ 8  Ro og orden

Kyrkjegardsfreden må ikkje uroast ved skrål  eller ved anna støy. Kyrkjegardane er opne for allmenn ferdsel frå kl 08 – 22.  Kyrkjegardsportane skal normalt vera att. Køyring inne på kyrkjegarden er forbode. Unntatt er transport av funksjonshemma eller nødvendig varetransport, og køyring i samband med gravferder eller arbeid på gravplassen.

Etter arbeid på gravene må avfall fjernast og leggjast på tilvist plass. Redskap, vatneutstyr o.a. som tilhøyrer kyrkjegarden må setjast attende på plass.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"