Konfirmasjon

Ordet konfirmasjon kjem frå det latinske verbet confirmare, som tyder å styrke, stadfeste eller «å gjere sterk».

Konfirmasjonstida handlar om mange ting; både om å få meir kunnskap og kjennskap til kristen tru og praksis, og om ungdomstid, felleskap og om å la familie og vener feira deg. Kyrkja på Radøy prøver å gjera tida så god som mogleg for deg som konfirmant.

Når du melder deg på til konfirmantåret, så er det viktig at du engasjerar deg aktivt i opplegget. Vi ventar at du vil prioritere å delta, og du kan venta at vi vil prioritere deg!

Deltakaravgifta for konfirmasjonstida er på kr 1200 som inkluderer konfirmantweekend. Er du i ein situasjon der dette er for mykje, kan du ta kontakt med oss, så finn vi ei ordning på det! Sjå under for programmet og påmeldingsskjemaet!