Påmelding til konfirmantåret 2017-2018

I perioden fram til 30.juni er det mogleg å melda deg på som konfirmant i Radøy kyrkjelyd. Vi bruker kun elektronisk påmelding via "Min kirkeside", og det er viktig at du legg inn så mange riktige opplysingar som du kan!

Pålogging og registrering av opplysingar

Pålogging og verifisering skjer via SMS. Du får tilsendt ein eingongskode som gjev tilgang til Min kirkeside. Når du kjem inn, så veljer du "Registrer konfirmant" og leggjer inn alle dei opplysningane du har. Det er svært viktig å oppgje mobilnummer og epostadresse både til konfirmanten, mor og far (evt føresette) sidan all informasjon frå oss vert sendt ut elektronisk!

Du kan velja blant 8 ulike datoar og klokkeslett når det gjeld ønske om konfirmasjonsgudsteneste. Merk at dersom det er få konfirmantar i ei av kyrkjene, så vil det berre verta éi gudsteneste. Endeleg stadfesting av dato og klokkeslett vil koma når vi har full oversikt over konfirmantkullet.

Dersom du ikkje har fått informasjonsbrevet frå oss i posten, kan du lesa det her.

Det kan også hende at du har fått brev frå oss sjølv om du ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Dette skjer når du er "tilhøyrande inn under Den norske kyrkja" fordi éin av dine foreldre er medlem. Dette er staten si ordning, ikkje kyrkja si, og gjeld for alle trussamfunn. Den norske kyrkja får ingen økonomisk stønad for dei som har status som 'tilhørige'. Les meir om temaet her.