Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Radøy damekor

Radøy damekor er soknet sitt vaksenkor. Nedre aldersgrense er 18 år, men det er ikkje noko øvre grense!

Koret vart starta i 2000 av Odd Leif Mjøs, den gongen som eit blandakor med namnet "Radøykoret". William Kay var koret sin faste dirigent frå frebruar 2002 til september 2011. Jurate Norkuviene var dirigent fram til sommaren 2017, då Eirin Beate Åserud-Løvlid vart ny dirigent.

Repertoaret vårt er like variert som kormedlemane sjølve! Koret har i mange år arrangert julekonsert i Manger kyrkje. Vi har òg hatt samarbeidsprosjekt med Geirr Lystrup og Hjelmås mannskor, og har vore med på radiogudsteneste i NRK P1. I 2012 reiste vi på turné til Litauen der vi hadde to konsertar. I januar 2015 var nokre kormedlemar med og framførte Beethoven sin korfantasi saman med Leif Ove Andsnes og BFO. I juni same året reiste vi til Riga og deltok på den Nordisk-Baltiske korfestivalen.

Øvingsdagen er onsdag. Vi byrjar med sosialt samver i kyrkjestova på Manger kl 19, og øver i kyrkja frå 1930 til 2130.