Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

125-årsjubileum for Manger kyrkje

Denne helga feirer vi både gjenopninga av kyrkja etter sikringsarbeidet, samt at Manger kyrkje fyller 125 år.

Laurdag 19.november kl 18

Fest for gjenopning av kyrkja og for 125-års-jubileum. 

Festkveld med musikalske innslag ved Radøy damekor og William Kay. Oldeborna til kyrkjebyggaren, Karl Kolstad og Jon Askeland tek oss med inn i historia om Mangerskyrkja. Hovudentreprenør Helge Sandvik fortel om arbeidet som no er gjort. Kvelden vert avslutta med tapas.

Søndag 20.november kl 11

Prost Geir Sørebø vert med og ordførar Jon Askeland held preika denne søndagen. Det vert song av barnekor, ved orgelet sit Frode Skag Storheim og Berit Hella Lindberg deltek på fløyte. Etter gudstenesta vert det stor kyrkjekaffi med jubileumskake.