Alver: Møtebok for kyrkjeleg fellesnemnd

Kyrkjeleg fellesnemnd for nye Alver kyrkjelege fellesråd hadde møte onsdag 21.mars i Knarvik kyrkje. Tidlegare på dagen var alle tilsette i det nye fellesrådet invitert til "Alvers-dag".

Randi Moskvil Letmolie frå KA hadde to temasesjonar saman med dei tilsette, før arbeidet i dei ulike temagruppene tok til. Desse gruppene skal utarbeida planar for korleis den nye organisasjonen skal sjå ut og fungere i praksis.

Etter denne samlinga var det møte i fellesnemnda. Her deltok også Randi Letmolie med viktig innspel som fellesnemnda må ha med seg i arbeidet sitt.

Fellesnemnda handsama desse sakene:

  • F-06/2018 Godkjenning av innkalling og sakliste
  • F-07/2018 Godkjenning av møtebok frå 10.01.2018
  • F-08/2018 Mål for prosessen og samanslåinga
  • F-09/2018 Partssamansatt utval for Alver kyrkjelege fellesnemnd
  • F-10/2018 Framlegg til revidert budsjett
  • F-11/2018 Prosjektmidler til lønn
  • F-12/2018 Møtegodtgjersle for kyrkjeleg fellesnemnd
  • F-13/2018 Sekretær og kasserar i samanslåtte sokneråd

Møteboka kan du lesa ved å klikke på lenkja nedanfor.