Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kyrkja og GDPR

Den 1. juli 2018 trer den nye EU-Personvernforordninga GDPR (General Data Protection Regulation) i kraft. For deg som medlem tyder dette betre personvern. For kyrkjekontoret, og spesielt for de som skal ha dåp eller vigsel, er det nye reglar for samtykke å forhalde seg til.

Kyrkja tek medlemane sine persondata på alvor. Fagsystema som vi bruker på kyrkjekontoret skal sikra at dine opplysingar kun vert brukt som dei skal og ikkje kjem på avveie. 

Det kan hende du allereie har fått ein SMS frå oss med oppmoding om å oppdatere dine personverninnstillingar. Først og fremst gjeld dette for dei som skal ha dåp eller vigsel. Her er det viktig å merka dykk følgjande:

Det er svært viktig at vi får lov å kontakte dykk på minst éin måte (mobil, SMS, epost eller brev). Dersom de ikkje gjev samtykke til dette har vi ikkje høve til å kontakte dykk for å avtale samtale osv., og handlinga vil ikkje kunne verta gjennomført.

Alle som har tinga dåp eller vigsel før 21.06.2018 vil få ein SMS frå oss med informasjon om å oppdatere sine personverninnstillingar. Alle som tingar dåp eller vigsel elektronisk etter denne datoen skal gje samtykke og velja kommunikasjonsform som ein del av påmeldingsprosessen. Dersom tinginga føregår via telefon, vil du få tilsendt ein SMS i ettertid med informasjon om korleis du skal gje samtykke og velja korleis vi kan kontakta deg.

Viktig angåande dåp

Bestilling av dåp skal helst skje elektronisk via nettsidene våre. Her kan du velja korleis vi kan kontakta dykk og gje samtykke til at dåpsbarnet kan verta nemnd under "Familienytt" i neste nummer av kyrkjebladet etter at dåpen har funne stad. Utan samtykke vil ikkje namnet koma med. 

Viktig angåande vigsel

Ynskje om vigsel skal helst meldast inn via nettsidene våre. Her kan du velja korleis vi kan kontakta dykk og gje samtykke til at namna dykkar kan verta nemnd under "Familienytt" i neste nummer av kyrkjebladet etter at vigselen har funne stad. Utan samtykke vil ikkje namna koma med.

Innsyn og sletting

Du har rett til å vite kva opplysingar vi har registrert om deg i våre datasystem og til å krevja sletting. Ta kontakt med kyrkjekontoret dersom du ynskjer innsyn eller sletting.