Ny kateket - Bli kjent med Mia

Frå 01.02.2017 har vi en ny kateket på Radøy. Mia skal vere med oss ut konfirmantåret.

Mia er utdanna kateket og har jobba som det sida 2004. Ein kateket er ein lærer i kyrkja. Ho jobbar mye med konfirmantar og alt anna som har med barn og unge i kyrkja å gjøre. Mia har jobba med ungdomsarbeid i kyrkja sida eg var ungdom sjølv, og det var nok ingen overrasking at ho vart kateket.

"Eg trives godt saman med ungdom og eg ønskjer å formidle ein kjærleg Gud, både i undervisning og i liv. Eg håper at Gud kan virke gjennom meg slik at barn og unge kan få øye på vår kjærlege Gud og at dei får eit ønske om å følgje Jesus og lære meir om Gud.

Eg er 37 år, er gift og har tre jenter. Ho eldste er konfirmant i år. Eg liker å synge, danse, drive med teater og sjølvsagt liker eg å undervise.

Eg bur på Fedje og har gjort det sida oktober 2013. Vi trives veldig godt i havgapet. Fedje har alltid vert mi feriestad frå eg var barn. Min mor kjem frå Fedje. Før vi flytta til Fedje har eg budd og jobba i Bærum i 5 ½ år, før det jobba eg i Hardanger og i Arna. Eg har flytta mye rundt i mitt vaksne liv, og har sett ungdomskulturene frå innsida på alle stadene og det er artig å sjå på likskap og ulikskap frå stad til stad. Det er nok mye likt."