Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ny mobilapp til lokalkyrkja

Kyrkja på Radøy har no teke i bruk mobilapp'en "Min Menighetsportal", som finst både til Android og iOS. Programmet er kobla direkte til våre fagsystem, slik at informasjonen som ligg ute alltid er oppdatert. Vi kjem også til å bruke app'en i konfirmanttida, mellom anna for å registrere frammøte.

Programmet tilbyr fleire funksjonar:

  • Få oversikt over alle tilbod i kyrkjelyden der du bur, eller i det området der du er akkurat no.
  • Slå opp informasjon om komande gudstenester, konsertar, trusopplæringsaktivitetar, møte osv.
  • Slå opp behov for frivilleg hjelp og oppgåver i heimsoknet ditt, og meld di interesse!

Kyrkja på Radøy ynskjer å tilby det beste av kyrkja sine elektroniske løysingar til våre medlemar. Ved å ta i bruk "Min Menighetsportal" i kombinasjon med "Min Kirkeside", kan vi no tilby eit bredt spekter av digitale tenester til kyrkjefolket på Radøy.