Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

No kan du "vippsa" til Radøy sokn

Å gå med kontantar er ikkje like vanleg som før, og ulike aldersgrupper har ulike vaner og preferanser for korleis ein betalar. Fleire har etterspurt elektroniske betalingsløysingar i kyrkjene våre, og frå og med i dag tek Radøy sokn i bruk "Vipps".

Med Vipps kan ein lett gje ei offergåve der og då via mobilen. Det vil òg vera mogleg å støtta trusopplæringsarbeidet m.m. med Vipps.

Slik tek du i bruk Vipps:

1. Last ned Vipps frå App Store, Google Play Store eller Windows Phone Store.

2. Registrer deg ved å leggja inn Visa eller Mastercard du ynskjer pengane skal trekkast frå, samt kontonummeret ditt. Slik vert kort og konto kobla til ditt mobilnummer.

3. Søk oss opp på namn "Radøy sokn". Då får du opp alle kyrkjene våre, pluss Emigrantkyrkja og kyrkjekontoret. Vel riktig kyrkje slik at offeret vert bokført på rett plass! *

4. Legg inn summen du vil gje, og skriv gjerne "Offer" pluss dato som meldingstekst.

5. Trykk "Send".

6. Transaksjonen er no gjennomført.

Det er også mogleg å søke direkte på kyrkjenamn eller Vipps-nummer:

  • 24042 Manger kyrkje
  • 24050 Hordabø kyrkje
  • 24051 Sæbø kyrkje
  • 24053 Emigrantkyrkja