Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Ny dirigent for damekoret

Frå 1.august 2017 er Eirin Beate Åserud-Løvlid tilsatt som dirigent for Radøy damekor. Ho skal vera vikar for Jurate Norkuviene som har permisjon det komande året. Vi ynskjer Eirin velkomen i staben og gler oss til nye musikalske opplevingar i kyrkjelyden.

Eirin har praksis som dirigent frå både barne- og vaksenkor og syng også sjølv i ein kvintett som heiter Simply in Tune. Ho bur i Meland der ho også arbeider i kulturskulen. I tillegg dirigerar ho Bergen domkirkes jentekor og Damekoret Vox Animae.

Frå hausten er det også ny dag for korøving - mest sannsynleg vert det onsdagar frå kl 1930-2130 (med sosialt samver frå kl 1900) i Manger kyrkje.