Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Tysdagstreff 06.11 kl 19 i Sæbø kyrkje

"Betlehemsstjerna - mirakel eller naturleg fenomen?" ved Øyvind Grøn.

Kva var det som fekk framståande aust(er)lendingar til å fylla bagasjen med kostbare gåver og leggja ut på ei strevsam og farleg reise mot ukjent mål? Kven var desse folka? Og korleis hamna dei i ein skrøpeleg stall i Betlehem, når målet var å finna ein nyfødd prins som skulle hyllast?

Det er ingen tvil om at Bibelens Jesus er ein historisk person; men blei han fødd 24.desember 0001? Med utgangspunkt i historiske kjelder og datasimuleringar av stjernehimmelen slik han var over Israel for 2000 år sidan, sirklar vi inn tidspunktet for Jesu fødsel.

Kanskje kan kunnskap om kometar, planetar, stjerner og galaksar på Jesu tid også forklara kva Betlehemsstjerna var for noko? Den som vert med, får kanskje vita!