Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Vårrydding på gravplassane

Kvar vår vert gravplassane rydda og bar, kransar og lause gjenstandar tatt bort. Ryddinga startar 19.mars og vi ber om at det som ein ønsker å ta vare på vert tatt bort.

Radøy Arbeidssenter utfører arbeidet. Kyrkjegardsvedtektene gjev høve til å ha lys og lykter på gravene, men desse må takast bort om sommaren saman med andre lause gjenstandar. Det hender at vi finn lause gjenstandar bak gravminnet, men ber om at ein tek desse med heim då dette skapar vanskar når vi skal slå om sommaren. 

Vi har også ansvar for å plante på dei gravene som har stellavtale hjå oss. Det vert til vanleg planta påskeliljer før påske. Så langt er ikkje temperaturen heilt på vår side men det vert planta så snart som forholda tillet. Arbeidet vert utført av Radøy Arbeidssenter.